Hypersomniar
Les meir om hypersomniar på sovno.no
Hypersomni betyr økt søvn eller økt søvnbehov. Pasientene med hypersomni plages med store problemer med å holde seg våken i situasjoner hvor andre mennesker ikke synes det er vanskelig. Den mest kjente hypersomnien er narkolepsi. En annen viktig hypersomni er idiopatisk hypersomni.
Hypersomniene blir mellom anna greidd ut ved hjelp av spørjeskjemaet Epworth søvnigheitsskala. Ein verdi på 11 eller høgare blir rekna som eit teikn på auka søvnigheit. Pasientar med narkolepsi og idiopatisk hypersomni skårar ofte svært høgt på denne søvnigheitsskalaen, ofte 16 eller høgare. Ved høge verdiar på Epworth søvnigheitsskala bør vidare utgreiing vurderast.
Ved alvorlege hypersomniar blir det tilrådd å gjere full nattleg søvnregistrering inkludert multippel søvnlatenstest (MSLT) neste dag.
Diagnosen hypersomni blir dermed stilt både subjektivt (Epworth søvnigheitsskala) og/eller objektivt (nattleg søvnregistrering med MSLT). Det kan også vere aktuelt å greie ut hypersomniar med blodprøve og spinalvæske.
Behandlinga varierer etter alvorsgrada til symptoma. Generelt er det er viktig å passe på å få nok nattesøvn.
Dei fleste pasientar med alvorleg hypersomni treng medikamentell behandling og slik behandling blir styrt av nevrologar eller søvnspesialistar. Effekten av slik behandling er ofte svært god, og kan gjere at du kan leve eit relativt normalt liv. Det er vanleg å nytte sentralstimulerande legemiddel (til dømes modiodal og ritalin) mot den ekstreme søvnigheita på dagtid.
Les meir om hypersomniar på sovno.no
Både narkolepsi og idiopatisk hypersomni er lidingar som vanlegvis varer livet ut, men symptombiletet kan variere over tid.
Ved alvorlege hypersomniar bør du unngå å ha arbeid der det er høge krav til vaktsemd, som flypilot eller yrkessjåfør. Vanleg bilkøyring er tillaten dersom du er velregulert på medikamentell behandling.
Behandling kan reversere mange av dei negative konsekvensane, men ei viss grad av søvnigheit vil du ofte måtte leve med resten av livet. Pasientar med hypersomniar er forventa å oppnå normal levealder.
Rikshospitalet:
Ullevål:
Sognsvannsveien 20
0372 Oslo