Topikal kortisonbehandling
Kortisonbehandling på hud
Kortikosteroidene har en betennelsesdempende virkning og hemmer celledelingen. Samtidig virker de på blodkarene ytterst i huden slik at de trekker seg sammen. Utslettet blir dermed mindre rødt og hissig.
Om preparatene
Kortikosteroider er en gruppe hormoner som lages i binyrene hos alle mennesker. Kortikosteroider kan også fremstilles kunstig til bruk i krem, salve, lotion, gel, liniment eller oppløsning, de kalles ofte kortisonpreparater eller steroider. Preparatene inndeles i grupper avhengig av effekt, fra svak gruppe 1, til sterk gruppe 4.
Før
Fuktkrem er ofte nødvendig å bruke fleire gonger dagleg under behandlinga, men skal ikkje brukast omgåande før eller etter kortisonbehandlinga.
Under
Kor mykje?
Frå krem eller salvetuben: Klem éi stripe frå tuben ut på det ytste leddet til peikefingeren. Denne mengda er stor nok til å kunne dekkje 10 cm2 hud. Dette blir kalla «Fingertuppeining».
Korleis?
- Smør salve/krem/liniment/oppløysing i eit tynt lag direkte på utslettet og massér inn.
- Bruk plasthanskar når du smør. Vask hendene etter at du har smurt på, sjølv om du har brukt hanskar.
- Kortisonpreparat bør ikkje komme i opne sår, då dette hindrar helinga av såret.
- Bruk aldri gruppe 3– eller 4–preparat i ansiktet dersom legen din ikkjespesielt har forordna det.
Behandlingsfase
Behandlinga skal ofte utførast 1–2 gonger dagleg. Følg råda frå legen for kor ofte du skal smørje deg. Er du ikkje betre etter 1–2 veker, bør du igjen kontakte legen din.
Nedtrappingsfase
Etter at betring er oppnådd, skal behandlinga reduserast anten ved å gå over til eit svakare medikament, eller ved færre smørjingar dagleg.
Fuktkrem er ofte nødvendig å bruke fleire gonger dagleg, men skal ikkje brukast omgåande før og etter kortisonbehandlinga. Kjenn etter at kortisonkremane er trekte godt inn i huda (cirka 30 minutt) før du smør på fuktkrem.
Gruppe 1 (svake) |
Gruppe 2 (middels) |
Gruppe 3 (sterke) |
Gruppe 4 (svært sterke) |
|
|
|
|
*Tilsett antibakterielt middel
**Tilsett flassløysande middel
***Smør på kun 1 gang dagleg
Etter
Biverknader er sjeldan noko problem når preparata blir brukte i periodar, med kortisonfrie intervall. Det er viktig å følgje forordninga til legen nøye når det gjeld kor ofte preparatet skal påførast og kor lenge behandlinga skal vare.
Biverknadar som kan oppstå ved langvarig bruk av sterk kortikosteroid er:
- tynn hud
- auka hårvekst
- pigmentforandringar
- hudinfeksjonar kan maskerast
- langvarig bruk av sterkt kortison på heile hudoverflata i lengre periodar kan undertrykkje kroppen sin eigen produksjon av kortison
Vær oppmerksom
Kortisonkremen skal ikkje komme i opne sår eller på slimhinner, auge og munn.
Vask alltid hendene etter smørjing, sjølv når du har brukt hanskar.
Kontakt
Rikshospitalet
Hudsykdommer
Oppmøtested
Poliklinikk hudsykdommer, Glassgaten, inngang D2b, Rikshospitalet
Rikshospitalet
Sognsvannsveien 20
0372 Oslo